[Heim]  og sorter  

Informasjonskapslar?

Dersom du i dag finn ei nettside som ikkje bruker informasjonskapslar («cookies») er det truleg fordi sida er veldig gammal eller veldig enkel. Alle gjer det, og det er heilt normalt. Denne sida gjer det òg. Lova seier at alle sidar må informere om dette, så det gjer vi.

Ein informasjonskapsel (engelsk: cookie) er ei lita fil med litt informasjon i. Vanlegvis inneheld fila ganske lite. Det spesielle er at nettlesaren din kan gi ei ekstern side lov å lagre denne fila på di eiga maskin. Om sida faktisk får lov, eller om du blir spurd først, kjem an på innstillingane i nettlesaren din.

Det finst mange grunnar til å bruke informasjonskapslar. Ein viktig grunn er dette: Når du går til eller friskar opp ei nettside/underside, er den andre enden i utgangspunktet som ein gullfisk og har ikkje noko som helst slags minne om kven du er eller kva du akkurat gjorde. Dersom sida berre viser uforanderleg tekst, er dette irrelevant, men om sida har funksjonalitet som innlogging (og må hugse kven brukaren er), innstillingar/val (som du må sleppe å gjere kvar einaste gong du gjer noko) eller meir komplekse løysingar som til dømes ei handlekorg, så treng sida for kvar førespurnad hjelp til å forstå om det framleis er same brukar eller økt.

Same metodikk kan store aktørar (sosiale media, søkemotorselskap og slikt) også bruke til å følgje di åtferd på nettet, og til denne bruken er det knytt personvernspørsmål. Det er bakgrunnen for at du ifølgje det såkalla «cookies-direktivet» skal vite kva kvar side bruker informasjonskapslane til, så du kan ta stilling til om det er greitt for deg. I norsk lov finst dette heimla i Lov om elektronisk kommunikasjon:

§ 2-7 b.Bruk av informasjonskapsler/cookies
Lagring av opplysninger i brukers kommunikasjonsutstyr, eller å skaffe seg adgang til slike, er ikke tillatt uten at brukeren er informert om hvilke opplysninger som behandles, formålet med behandlingen, hvem som behandler opplysningene, og har samtykket til dette. Første punktum er ikke til hinder for teknisk lagring av eller adgang til opplysninger:
1. utelukkende for det formål å overføre kommunikasjon i et elektronisk kommunikasjonsnett
2. som er nødvendig for å levere en informasjonssamfunnstjeneste etter brukerens uttrykkelige forespørsel.

Denne sida bruker berre informasjonskapslar til å få systemet til å verke ved å forstå om førespurnader tilhøyrer same «økt». Informasjonen blir ikkje vidareformidla tredjepartar. Ved å bruke sida godtek du denne bruken.

SISTE INNLEGG
Fleire innlegg
SISTE UTHEVA
Fleire innlegg