og sorter  [Meir ] 02.09.2015 18:53

Velkommen til Diktkammeret i endring

Frå 8. februar 2001 til 1. april 2015 var Diktkammeret drive av Dagbladet, og låg fram til 31. august på Dagbladet.no. No er ein epoke over, men Diktkammeret lever framleis, no som ein sjølvstendig nettstad, på diktkammeret.no! Vi takkar Dagbladet for hjelpa og velvilja som har gjort dette mogleg, og presiserer samstundes at Dagbladet etter 31. august ikkje har noko redaksjonelt eller teknisk ansvar for forumet. Ein svært interessant kulturinstitusjon ønskjer å overta Diktkammeret, og jobbar for å få finansiert bygginga av ei ny og oppdatert plattform. Inntil vidare har vi bygd ei enkel overgangsløysing, så vi slepp å vente for lenge. På initiativ frå brukarane har vi òg opna for folkefinansiering, og takkar for overveldande givarglede! Står det midlar igjen i «diktkammerfondet» når nye Diktkammeret er oppe og går, vil beløpet bli gitt institusjonen som skal drive det vidare, som ei gåve og ein takk for vilja til å redde forumet.

Men vi kan ikkje bli ståande her ute på trammen. Stig på!

SISTE INNLEGG
Fleire innlegg
Brukarnamn Passord:
ny brukar  gløymt passord  aktiver brukar